15.–17. august 2022

Tolvte nordiske dialektologkonferansen

#dialektolog2022
Illustrasjons-/bannerbilde for Tolvte nordiske dialektologkonferansen
Fotograf: Kari Wallem Bøe

Struktur, ideologi og mangfald

Det er med glede vi ønskjer dokker velkomne til Tolvte nordiske dialektologkonferansen i Alta/Áltá/Alattio 15.–17. august 2022. Temaet for konferansen denne gongen er Struktur, ideologi og mangfald. Vi vil med dette dels fokusere på tradisjonelle strukturlingvistiske tilnærmingar til talemålsvariasjon, men også ta konsekvensen av at den tolvte utgåva av konferansen blir arrangert i eit område prega av utstrakt språkkontakt og språkleg mangfald, og også ideologistyrte intervensjonar frå styresmaktene si side.  

I det nordlege Noreg har talarar av samisk, kvensk/finsk og nordgermansk levd side om side, og fleirspråklegheit har til tider, i visse område, vore normen heller enn unntaket. Ein sterk assimileringspolitikk frå den norske staten si side frå siste halvdel av 1800-talet har etablert språkideologiar som har ført til utstrakt språkskifte frå samisk og kvensk/finsk og som framleis i dag pregar språkforholda i landsdelen. Samtidig har motkrefter i seinare tid skapt ein sterk revitaliseringsvilje for dei historiske minoritetsspråka som etter kvart syner tydeleg att både i form av språkpolitikk og nye talarar.  

Følgjande fire forskarar har takka ja til å halde plenarføredrag:

Jussi Ylikoski, Uleåborgs universitet – Majoritetsspråkenes innflytelse på nordsamisk: velsignelse, forbannelse eller begge deler? 

Marie Maegaard, Københavns Universitet – Dialektologi i det postkoloniale Grønland 

Pia Lane, Universitetet i Oslo – "Tenk at man ikke kan lese sitt eget språk!" Standardiseringens mange ansikter

Elma Blom, Universiteit Utrecht & UiT Noregs arktiske universitet – Children's lexical skills in regional languages: competition, compensation, and creativity 

Velkommen til Alta i august 2022!

Bures boahtin Áltái borgemánus 2022!

Tervettulemaa Alattihoon aukustikuussa 2022!

Konferansen er støtta økonomisk av Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning ved UiT, språkforskingssenteret AcqVA Aurora (UiT Aurora Center for Language Acquisition, Variation & Attrition: The Dynamic Nature of Languages in the Mind) og Letterstedtska föreningen.

Starter: 15.08.22 kl 09.00
Slutter: 17.08.22 kl 15.00
Hvor: Alta
Sted: Alta
Målgruppe: Gjester / eksterne, Inviterte
Kontakt: Carola Kleemann
E-post: carola.b.kleemann@uit.no
Legg i kalender